Arrangementskomiteen for Memoarkonferansen gjennomførte sitt første møte om Memoarkonferansen 2025 den 30. september 2024 kl. 14-15:20 . Møtet gjekk føre seg fysisk hos Memoar i Lodin Leppsgt. 2b, Bergen og digitalt i Google Meet. Fylgjande var til stade:
Frå Bergen off. Bibliotek: Solveg Myren (fysisk)
Frå Bergen Byarkiv: Birger Haugdl (fysisk)
Frå Bymuséet i Bergen: Kari Skarprud Pettersen (digitalt)
Frå Universitetet i Bergen: Hans Jakob Ågotnes (digitalt) har tidlegare representert UiB, men er i dag pensjonist og synest ikkje det er naturleg å representere andre enn seg sjølv. Ingen andre møtte frå UiB
Frå Memoar deltok Ada Freng (digitalt), Cathrine Hasselberg (digitalt - frå Shanghai), Sebastian Kaasa (digitalt) og Bjørn Enes (fysisk).
Partnarskapet.
Frammøtet og rapportane frå de frammøtte viste at alle er med vidare, bortsett frå at det er oppstått usikkerhet om UiB si deltaking. Personane som har representert universitetet har bede seg fritatt pga hardt arbeidspress, utan at dei har blitt erstatta. Hans Jakob fortalde at viljen er der, men at dei strevar med å finne personen/personane. Han rekna med at vil bli avklart mellom fagmiljøa i kulturvitskap og historie innan neste møte.
I same diskusjonen blei det semje om å invitere Den norske historiske forening (HIFO) inn som medarrangør.
Ny konferanse i 2025?
På same vis som tidlegare år, diskuterte komiteen spørsmålet om det er for tett med Memoarkonferanse kvart år, eller om det tvert om vil svekke kontinuiteten om frekvensen blir auka. Ingen uttrykte skråsikre meiningar - men konklusjonen blei:
Vi “signaliserar” at vi er opne for å overlate Memoarkonferansen til ein hovudarrangør utanfor Bergen. Konkret nevnte blei Lokalhistorisk Institutt, NTNU/Historie og UiO/Kulturhistorie.
Inntil det eventuelt er semje om å flytte konferansen, arbeider vi vidare med plan om å arrangere ny konferanse i mars 2025. Vi ber Bergen Bibliotek om å få låne lokale som tidlegare, fredag-laurdag og kanskje også torsdag i veke 10 eller 11 (7-8/3 eller 14-15/3.
Hovudtema:
Etter ein kort diskusjon var det stor semje om å gjere munnleg historie og migrasjon til hovudtema for konferansen. Bakgrunnen er Utvandringsjubiléet og Memoar sitt arbeid med prosjekt Migrasjonsminne.
Blant idéar som vart nevnte var funn i Migrasjonsminne- og Osloveinnsamlingane, Finnmark som mellomstasjon for finsk migrasjon til USA, samisk migrasjonsmistorie, m.fl.
Blant tema fagutvikling innan munnleg historie så var det stor semje om å løfte fram spørsmålet om langtidslagring av munnleg kjeldemateriale - både konkret som spørsmålet om langtidslagring av migrasjonsminneinnsamlinga, og generelt som kulturpolitisk prinsippspørsmål, praktisk om kva for ein institusjon som bør få dette oppdraget og metodisk.
Framdrift:
Vi gjer nå dette referatet kjend gjennom publisering på ei ny framside på www.migrasjonsminne.no. Vi kontaktar også samarbeidspartnarar som kan vere aktuelle for å overta arrangementsansvaret. Og vi opprettar eit lukka samarbeidsdokument der både idédrodling og framdriftsrapportering kan bli delte.
30/9-2024 - Bjørn Enes, ref.