2020
Memoarkonferansen 2020
Arrangørane av dei to tidlegare konferansane om minnesamling og munnleg historie hadde gleda av å invitera til konferanse i Bergen fredag 23. og laurdag 24. oktober 2020. Konferansen skjedde også denne gong i Bergen off. bibliotek, nokre få skritt frå jernbanestasjonen. Konferanseleiar var Line Førre Grønstad frå Memoar.
På grunn av smittevernsituasjonen vart konferansen arrangert som ein kombinasjon av digital og fysisk oppmøte.
I forkant av konferansen var det planlagt to arrangement/webinar som deltakarane også kunne delta i: Arbeidsmøte om Senter for munnleg historie og Arbeidsverkstad for frilansarar.
Samtids- og krisedokumentasjon
Audun Kjus - Fyrstekonservator, Norsk Folkemuseum - leiar av Norsk etnologisk gransking
Liv Bjørnhaug Johansen - Temaredaktør “Sykepleien” og ansvarleg for temanummeret "Koronadagbøkene" - Opptak publisert
Thanushiga Rajah - Aktivitetsansvarlig og gruppeleder ved Norsk teknisk museum
Torhild Skåtun - Museumspedagog Norsk teknisk museum, PhD-kandidat University of Leicester
Ageliki Lefkaditou - PhD, forsker ved University of Leeds, UK og filmprodusent ved Artic Light
Kathrin Pabst - Fyrstekonservator VestAgdermuseet, prosjektleiar for "Identity on the line"
Munnlege kjelder er viktige i all samtidsdokumentasjon: Munnleg fortel aktørar og augevitne meir umiddelbart, meir nyansert, meir fullstendig. Og fleire fortel munnleg enn skriftleg. Når krisa - brått og uventa - er over oss er det tid for å "samle minner medan dei blir til":
Korleis fortel dei som står midt oppe i det om hendingane? Og korleis endrar forteljingane seg frå veke til veke? Kva blir borte med krisa - og kva nytt oppstår i henne?
Men er det etisk forsvarleg å be folk i krise om "forteljingar utan filter"?
Kva slags maktrelasjonar finst mellom den som spør og den som fortel? Er det forskjell på ein forskar som spør ein informant og ein frivillig lokalhistorikar som ber ein nabo om å fortelja?
Er det viktig å bygge nasjonalt beredskap for krisedokumentasjon?
Personvern og ytringsfridom
Inger Christine Årstad - Avdelingsleiar for formidling, arkiv og foto i Mjøsmuseet
Malin Thor Tureby - Biträdande professor ved Universitetet i Linköping, styremedlem Oral History i Sverige
Vidar Enebakk - Sekretariatsleder, Den nasjonale forskningsetiske komité for samfunnsvitenskap og humaniora (Opptak av foredrag er tilgjengeleg)
Per Christian Magnus - Leder, Senter for undersøkende journalistikk
Framveksten av munnleg historie (oral history) som fagfelt og kultursjanger synleggjer stor usikkerhet og ulik praksis på etikkens område. Forskingsetikken reknar munnlege kjelder som personsensitivt materiale, som i utgangspunktet skal anonymiserast og slettast med mindre det eksplisitt er avtalt noko anna. Presseetikken reknar munnlege kjelder som likestilte med skriftlege, med det same kravet til presseetisk varsemd og ytringsfridom. Arkivetikken har som grunnregel at alt arkivert - munnleg like godt som skriftleg - skal vera tilgjengeleg for alle, i det minste etter ei maksimal sperretid. ICOM sitt museumsetiske regelverk inneheld ikkje noko eksplisitt om etikk kring munnlege kjelder, og det er så langt uklart om dette kjem til å endre seg i den pågåande revisjonen.
Er det usikkerhet rundt kva som er det rette balansepunktet mellom personvern og ytringsfridom som skapar dette spriket?
Kven eig ei livsforteljing? Og kven eig rettane til opptak av livsforteljingar?
Kven har rett til å bestemma korleis slike opptak kan brukast?
Kva er likt og kva er ulikt – etisk sett – mellom skriftleg og munnleg kjeldemateriale?
Er det god etikk å transkribera, anonymisera og sletta munnleg kjeldemateriale?
Kva er eit informert samtykke i delingskulturens tid?
Er det sant at «alle har ei forteljing å dela» - og er slik deling ein del av ytringsfridomen?
Minnespor
Bjørn Enes - leiar og prosjektmedarbeidar i Memoar
Vibeke Flesland Havre - Skodespelar, regissør og dramatikar
Sondre B. Hvam - Konservator / forskar, Flyhistorisk Museum Sola / Jærmuseet
Sølvi Westvang og Marianne Grønnerud - Glomdalsmuseet / Anno Museum, Elverum
Maryam Adjam - Forskare, postdoktor vid Institutionen för Kultur- och medievetenskap, Umeå universitet
Bjørn Enes: Glimt frå eit år med Munnleg historie for alle I august 2019 fekk Folkeminnesamlinga, Norsk etnologisk gransking og Memoar seks millionar kroner frå #Sparebankstifltelsen for å få opp interesse og kunnskap om munnleg historie i Noreg. Sia har ei lita gruppe med instruktørar og kurshaldarar stort sett vore på farten, frå Porsanger i nord til Åseral i sør. Ein av dei har vore Bjørn - i dette innlegget skal han dele litt av opplevingane dei har hatt og munnleg historie dei har samla. Kvalfangarar frå Mjøsdistriktet er eitt av høgdepunkta. (Sjå opptak)
Vibeke Flesland Havre: Fra levd liv til scenekunst Skodespelar og regissør Vibeke Flesland Havre har leia Bergen Borgerscene sidan oppstarten i 2014. Bergen Borgerscene byggjer på erfaring fra tyske og danske borgarscener, der folk sine personlege historier danner utgangspunkt for ei forestilling, og der historieforteljarane er direkte medverkande på scena. Rammeverket rundt førestillinga er profesjonelt på alle plan. Bergen Borgerscene har tidlegare produsert «Det var en gang et menneske» (DNS/FiB 2015), «En plass i solen» (DNS/FiB 2016), «Lykkeliv» (DNS 2017/2018) og “NAV betaler” (DNS/FiB 2019). Alle førestillingane tar utgangspunkt i levd liv og munnleg historieforteljing. (Sjå opptak)
Sondre B. Hvam: For våre kamerater: Den kalde krigen gjennom flygernes narrativ På 1950-tallet forberedte Luftforsvaret seg på en krig som kunne komme når som helst. Øvelser og beredskap førte til hektisk aktivitet ved de norske skvadronene. De norske militærflygerne var innforstått med at de når som helst risikerte å måtte ofre alt – hvilket mange av dem også gjorde. Til tross for de store tapene i menneskeliv, er Luftforsvarets og flygernes historie i etterkant av andre verdenskrig en forholdsvis ukjent del av norsk historie. Dette ønsker vi å gjøre noe med nå (Les meir). (Sjå opptak)
Sølvi Westvang og Marianne Grønnerud: Latjo drom - munnleg tater- / romanihistorie Då Glomdalsmuseet fekk oppdraget med å bygge eit nasjonalt museum for tater- / romanihistorie i 2006, vart eit av fleire resultat nettutstillinga Latjo drom. Nå arbeider museet med å oppdatere denne utstillinga, mellom anna gjennom å tilføre utdrag av munnleg kjeldemateriale som er samla i mellomtida. Sølvi Westvang er masterstudent som deltar i dette arbeidet. Ho har elles lang erfaring både frå frivillig og profesjonelt kulturvern og formidling.
Maryam Adjam: Minnesspår. Hågkomstens rum och rørelse i skuggan av flykt Mot slutten av den andre verdskrigen flykta tusentals estlenderar over Østersjøen til Sverige. Meir enn seksti år seinare tok etnologen Maryam Adjam til med å intervjue overlevande og slektningar av dei. Ho har fylgd 14 nøkkelpersonar gjennom lang tid og vore med dei tilbake til Estland. Boka med same tittel som foredraget handlar om kva som hender når forteljingane møter plasser og miljø som flyktingane ein gong flykta frå. Maryam er universitetslektor ved Institutionen för kulturantropologi och etnologi i Uppsala.
Tid og stad:
Formøter:
Torsdag 22/10 kl. 12 - 16: Frilansseminar: Kan ein leve av munnleg historie i Noreg? (Memoar sitt kontor i Dankert Krohnsgate 1 og Google meet)
Fredag 23/10 kl. 09 - 11: Arbeidsverkstad - Stifting av Senter for munnleg historie (Bergen off. bibliotek, Auditoriet i underetasjen og Google meet)
Memoarkonferansen fredag 23/10 - Bergen off. bibliotek, Auditoriet i underetasjen og Google meet:
11:00 Registrering, lunsj og mingling
12:00 Opning
12:10 Kulturelt innslag
12:30 Krisedokumentasjon
Audun Kjus
Liv Bjørnhaug Johansen - Sjå opptak
Rajah, Skåtun, Lefkaditou
Kathrin Pabst
Panel- og plenumsdiskusjon
15:00 Marie Nicolaisen: Om Senter for munnleg historie - Sjå opptak
16:00 Konferanseprogram slutt
19:00 Kveldsarrangement på Memoar sitt kontor med pizza e.l.
Memoarkonferansen laurdag 24/10 - Bergen off. bibliotek, Auditoriet i underetasjen og Google meet.
09:30 Opning
09:45 Personvern og ytringsfridom
Inger Christine Årstad
Vidar Enebakk - Sjå opptak
Per Christian Magnus
Panel- og plenumssamtale
12:00 Lunsj og mingling
13:00 Minnespor
Bjørn Enes - Glimt frå fyrste år av "Munnleg historie for alle" (Sjå opptak)
Vibeke Flesland Havre - Fra levd liv til scenekunst (Sjå opptak)
Sondre B. Hvam - Flyhistorie under den kalde krigen (Sjå opptak)
Sølvi Westvang og Mariann Grønnerud - Latjo drom. Taterhistorie
Maryam Adjam - Minnesspår. Hågkomstens rum och rørelse i skuggan av flykt
15:30 Sluttord
16:00 Slutt
(19:00 Middag for foredragshaldarane og deltakarane som er i Bergen)
Søndag 25/10
Kulturhistorisk vandring i Bergen for alle som har tid og lyst.
(Påmelding og konkret avtale om tid og oppmøte under konferansen laurdag)
PÅMELDING
Konferansen vil gå som kombinert fysisk konferanse og videokonferanse. Foredragshaldarane vil bli oppmoda om å kome til Bergen så sant det er mogleg.
I tillegg vil dei fyrste som ber om det, få plass i salen. Max tal i salen er 40. Ei veke før konferansen ser det ut til at alle som ynksjer det, får plass i salen. Det er også plasser ledig viss nokon i siste liten skulle ynskje å kome.
Deltakaravgift for frammøtte deltakarar vil vera kr. 900,- (Studentpris: 450) (Memoar-medlemmer betalar 600,- studentar 300,-) Dette inkluderar maten.
Deltakaravgift for å delta i videokonferansen vil vere kr. 225,- for ordinær deltakaravgift.
Medlemmer av Memoar og studentar får ta del i konferansen digitalt utan avgift.
Påmelding her - Betal via Vipps, nettbank eller kredittkort.