Memoarkonferansen 2020
Arrangørane av dei to tidlegare konferansane om minnesamling og munnleg historie hadde gleda av å invitera til konferanse i Bergen fredag 23. og laurdag 24. oktober 2020. Konferansen skjedde også i år i Bergen off. bibliotek, nokre få skritt frå jernbanestasjonen. Konferanseleiar var Line Førre Grønstad frå Memoar. På grunn av smittevernsituasjonen vart konferansen arrangert som ein kombinasjon av digital og fysisk oppmøte. I forkant av konferansen var det planlagt to arrangement/webinar som deltakarane også kunne delta i: Arbeidsmøte om Senter for munnleg historie og Arbeidsverkstad for frilansarar. Samtids- og krisedokumentasjon Audun Kjus - Fyrstekonservator, Norsk Folkemuseum - leiar av Norsk etnologisk gransking Liv Bjørnhaug Johansen - Temaredaktør “Sykepleien” og ansvarleg for temanummeret "Koronadagbøkene" - Opptak publisert Thanushiga Rajah - Aktivitetsansvarlig og gruppeleder ved Norsk teknisk museum Torhild Skåtun - Museumspedagog Norsk teknisk museum, PhD-kandidat University of Leicester Ageliki Lefkaditou - PhD, forsker ved University of Leeds, UK og filmprodusent ved Artic Light Munnlege kjelder er viktige i all samtidsdokumentasjon: Munnleg fortel aktørar og augevitne meir umiddelbart, meir nyansert, meir fullstendig. Og fleire fortel munnleg enn skriftleg. Når krisa - brått og uventa - er over oss er det tid for å "samle minner medan dei blir til":
Personvern og ytringsfridom Inger Christine Årstad - Avdelingsleiar for formidling, arkiv og foto i MjøsmuseetMalin Thor Tureby - Biträdande professor ved Universitetet i Linköping, styremedlem Oral History i Sverige Vidar Enebakk - Sekretariatsleder, Den nasjonale forskningsetiske komité for samfunnsvitenskap og humaniora (Opptak av foredrag er tilgjengeleg) Per Christian Magnus - Leder, Senter for undersøkende journalistikk Framveksten av munnleg historie (oral history) som fagfelt og kultursjanger synleggjer stor usikkerhet og ulik praksis på etikkens område. Forskingsetikken reknar munnlege kjelder som personsensitivt materiale, som i utgangspunktet skal anonymiserast og slettast med mindre det eksplisitt er avtalt noko anna. Presseetikken reknar munnlege kjelder som likestilte med skriftlege, med det same kravet til presseetisk varsemd og ytringsfridom. Arkivetikken har som grunnregel at alt arkivert - munnleg like godt som skriftleg - skal vera tilgjengeleg for alle, i det minste etter ei maksimal sperretid. ICOM sitt museumsetiske regelverk inneheld ikkje noko eksplisitt om etikk kring munnlege kjelder, og det er så langt uklart om dette kjem til å endre seg i den pågåande revisjonen. Er det usikkerhet rundt kva som er det rette balansepunktet mellom personvern og ytringsfridom som skapar dette spriket?
Minnespor Bjørn Enes - leiar og prosjektmedarbeidar i Memoar Vibeke Flesland Havre - Skodespelar, regissør og dramatikar Sondre B. Hvam - Konservator / forskar, Flyhistorisk Museum Sola / Jærmuseet Maryam Adjam - Forskare, postdoktor vid Institutionen för Kultur- och medievetenskap, Umeå universitet I august 2019 fekk Folkeminnesamlinga, Norsk etnologisk gransking og Memoar seks millionar kroner frå #Sparebankstifltelsen for å få opp interesse og kunnskap om munnleg historie i Noreg. Sia har ei lita gruppe med instruktørar og kurshaldarar stort sett vore på farten, frå Porsanger i nord til Åseral i sør. Ein av dei har vore Bjørn - i dette innlegget skal han dele litt av opplevingane dei har hatt og munnleg historie dei har samla. Kvalfangarar frå Mjøsdistriktet er eitt av høgdepunkta. (Sjå opptak) Vibeke Flesland Havre: Fra levd liv til scenekunst Skodespelar og regissør Vibeke Flesland Havre har leia Bergen Borgerscene sidan oppstarten i 2014. Bergen Borgerscene byggjer på erfaring fra tyske og danske borgarscener, der folk sine personlege historier danner utgangspunkt for ei forestilling, og der historieforteljarane er direkte medverkande på scena. Rammeverket rundt førestillinga er profesjonelt på alle plan. Bergen Borgerscene har tidlegare produsert «Det var en gang et menneske» (DNS/FiB 2015), «En plass i solen» (DNS/FiB 2016), «Lykkeliv» (DNS 2017/2018) og “NAV betaler” (DNS/FiB 2019) Alle førestillingane tar utgangspunkt i levd liv og munnleg historieforteljing. (Sjå opptak) Sondre B. Hvam: For våre kamerater: Den kalde krigen gjennom flygernes narrativ På 1950-tallet forberedte Luftforsvaret seg på en krig som kunne komme når som helst. Øvelser og beredskap førte til hektisk aktivitet ved de norske skvadronene. De norske militærflygerne var innforstått med at de når som helst risikerte å måtte ofre alt – hvilket mange av dem også gjorde. Til tross for de store tapene i menneskeliv, er Luftforsvarets og flygernes historie i etterkant av andre verdenskrig en forholdsvis ukjent del av norsk historie. Dette ønsker vi å gjøre noe med nå (Les meir). (Sjå opptak) Då Glomdalsmuseet fekk oppdraget med å bygge eit nasjonalt museum for tater- / romanihistorie i 2006, vart eit av fleire resultat nettutstillinga Latjo drom. Nå arbeider museet med å oppdatere denne utstillinga, mellom anna gjennom å tilføre utdrag av munnleg kjeldemateriale som er samla i mellomtida. Sølvi Westvang er masterstudent som deltar i dette arbeidet. Ho har elles lang erfaring både frå frivillig og profesjonelt kulturvern og formidling. Mot slutten av den andre verdskrigen flykta tusentals estlenderar over Østersjøen til Sverige. Meir enn seksti år seinare tok etnologen Maryam Adjam til med å intervjue overlevande og slektningar av dei. Ho har fylgd 14 nøkkelpersonar gjennom lang tid og vore med dei tilbake til Estland. Boka med same tittel som foredraget handlar om kva som hender når forteljingane møter plasser og miljø som flyktingane ein gong flykta frå. Maryam er universitetslektor ved Institutionen för kulturantropologi och etnologi i Uppsala. Tid og stad: Formøter:
Memoarkonferansen fredag 23/10 - Bergen off. bibliotek, Auditoriet i underetasjen og Google meet:
Memoarkonferansen laurdag 24/10 - Bergen off. bibliotek, Auditoriet i underetasjen og Google meet.
Søndag 25/10
|