Munnleg historie (oral history) er ein viktig del av den immaterielle kulturarven som som Noreg har forplikta seg til å ivareta gjennom ratifisering av UNESCOs konvensjon om "Safeguarding of the intangible cultural heritage". Som fagfelt og kultursjanger er munnleg historie viktig i offentleg samtale rundt identitet, tilhøyr, historie og kulturell eigenart. Men Noreg manglar ein struktur for dokumentasjon, arkivering og formidling av mangfaldet i den levande munnlege kulturarven.
Torsdag 13. november 2025 vil vi gjennomføre eit fagseminar for å bidra til konkretisering av vegen fram mot ein slik struktur. Vi vil invitere fagpersonar og frivillige langs heile “produksjonslinja”, til kritisk refleksjon rundt temas som bevaringsverdi, etikk, tekniske og innhaldsmessige krav, samarbeid mellom innsamlar og arkivinstitusjon og samarbeid mellom arkivinstitusjon og brukar av munnleg historie / munnleg kjeldemateriale.
Kva er bevaringsverdig munnleg historie?
Gir det meining å snakke om munnleg kulturarv?
Kva er rimelege krav til notabilitet, innhaldsmessig og teknisk standard og metadata?.
Kva slags etiske retningsliner bør gjelde for innsamling, dokumentasjon, bevaring og tilgjengeleggjering av munnleg historie?
Er det eit problem å balansere ytringsfridom og personvern?
Kva slag teknisk kravspesifikasjon og metadatastruktur bør gjelde for langtidsarkivering av munnleg historie?
Kan det lagast retningslinjer og skjemamalar som sikrar at frivillige innsamlarar oppfyller slike krav?
Kva er beste praksis når det gjeld dokumentasjon av munnleg historie?
Er det behov for ein mal for samarbeid mellom arkiv og frivillige innsamlarar av munnleg historie, med presiseringar og avgrensingar av ansvar og rettar?
Kva bør ein slik mal innehalde?
Er det behov for ein tilsvarande mal for bruk og formidling av arkivert munnleg historie, så som publisering og “vidareforedling” i form av undervisningsmateriell, utstillingar, kunstnarisk bearbeiding og forsking?
Fagpersonar og erfarne frivillige over heile landet er velkomne til å sende inn forslag om foredrag og presentasjonar under fagdagen. Skriv ein kort tekst om problemstilling og konklusjon og send til post@memoar.no med emne "Fagdag - arkiv" innan 1. april