I slutten av september er det lansert to forslag til hovudfokus på konferansen. Dei er ikkje veldig i innhald, viktigast i diskusjonen er kanskje å finne eit tittel som fenger. Kort om dei to forslaga:
Livshistorier er kulturarv:
Verdien av dei store minneinnsamlingane og behovet for ein ny. Undertema: Mikrohistorie , Kvalitative intervju, Arkivering og bruk av munnlege minnesamlingar, Formilding av livshistorier - munnleg historie og forteljekunst.
Definisjonsmakt og selvhistorisering:
Kven får delta i historieskrivinga i dag? Kven får snakke, kven lyttar og kva slags betydning har det?
Arrangementskomiteen for memoarkonferansen er kalla inn til nytt møte torsdag 11. oktober. Abisjonen er å konkludere hovudprogrammeringa for konferansen då.
Styret i Memoar - som har ei spesiell rolle i samarbeidet, både som opprinneleg initiativtakar og som den av partane som til nå har gjort det meste av arbeidet - diskuterte opplegget for konferansen den 25. september. Det blei der ytra eit alternativ fokus i retning "Definisjonsmakt og selvhistorisering: Hvem får delta i historieskrivingen i dag? Hvem får snakke, hvem lytter og hva slags betydning har det?" Denne diskusjonen vil gå parallellt med praktiske førebuingar - alle med interesse i konferansen er velkomne til å formulere innlegg på nettsida her - skriv til post@memoarkonferansen.no
Til stade:
Hans Jakob Ågotnes (UiB), Solveig Myren (Bergen off. Bibliotek), Sebastian Kaasa (Memoar), Birger Haugdal (Bergen Byarkiv) og Bjørn Enes (Memoar).
Forfall: Kari Skarperud Pettersen (Bergen Bymuseum), Line Grønstad (UiB), Ada Freng (memoar), Kyrre Kverndokk (UiB).
Bjørn la fram forslag om hovudtema: “Livshistorier er kulturarv” med undertema Mikrohistorie, Biografiforsking mm, og prosjektpresentasjonar/formidlingsinnslag som synleggjer eller utdjupar hovudtema. (Dette forslaget var også presentert i innkallinga)
Hovudargumentet var den allmenne interessa for immateriell kulturarv og behovet for å markere munnleg historie som viktig del av denne.
God diskusjon. Vi var innom tema som Arbeidarminneinnsamlinga, UiB-innsamlinga om mekanisk industri, dei store minneinnsamlingane i 1964, 1986 og 1996, den britiske National Life Stories, Torleiv Hannaas sitt nettverk av minnesamlarar på Vestlandet, utviklinga av etikk og regelverk for forsking, arkivering og publisering på/av munnleg kjeldemateriale, aktuelle namn å invitere til å snakke om dette saksfeltet mm.
Vi lufta også problemstilling reist av Birger om å ha halvanna år mellom kvar konferanse i staden for eitt år, på bakgrunn av at det ennå er slik at fagpersonar sjelden kjem tilbake - altså at konferansen ikkje har blitt ein møtestad som eit breidt fagmiljø må ha med seg. Motargument mot dette var dels at konferansen ennå er tidleg i si historie - neste blir 6. konferanse, og to av dei tidlegare konferansane var prega av pandemien. Vi diskuterte også fjorårets festival-eksperiement og spørsmålet om å dele slik at ein dag (fredag) blir ein fagdag og dag to blir ein festival med hovudvekt på formidling. Og vi diskuterte datoar.
Konklusjon:
Vi undersøker om vi kan få Auditoriet på Biblioteket torsdag 7. mars og fredag 8. mars, pluss både auditoriet og ein av dei andre store salane på laurdag 9. mars.
Fagdag:
“Livshistorier er kulturarv” - Foredrag som trekker trådane frå Arbeiderminneinnsamlinga, minnesamlingane i 1964, 1981 og 1995/96, National Life Stories og drøftar kjeldeverdien av slike samlingar både som historisk, språkhistorisk og folkloristisk “råstoff”. Kanskje problematisere fragmenteringa av immateriell kulturarv i - og kanskje lansere tanken om ei ny stor minneinnsamling, norsk eller nordisk. Vi som var til stade argumenterte veldig sterkt for historikar professor Hans Jakob Ågotnes fyrste innleiar.
Mikrohistorie - eri «form for historieforskning, der forsøger at tage udgangpunkt i meget små enheder så som tilsyneladende betydningsløse enkeltindivider, institutioner, byer eller landsbyer for derigjennom at afdække historiske mønstre og processer af mere omfattende rækkevidde» - med innleiar frå forskingsnettverket med base på Høgskulen i Volda.
“Minnesamling som folkerørsle - Torleiv Hannaas og hans nettverk på Vestlandet” - her kan det vere ein svært god kandidat på UBB/SAMLA.
4 - Panelsamtale: Kva gjer me med dette då, vener?
Lunsj
Prosjektpresentasjonar - minnesamling i praksis. Her rakk me ikkje å utvikle ideane, dei får boble vidare fram til neste møte.
Formidlingsdag (Festival):
Ein interessant idé som blei lufta, var å vidareutvikle festivalkonspetet frå i fjor med ein dag der hovudsaka er formidling av munnleg historie. Eksempel som var trekt fram:
“Oslo 400 år” - formidling av materialet innsamla av Oslove-prosjektet, ved Cathrine Hasselberg
Anne Elisabeth Skogen - “Sjukepleiar offshore” - attforteljing av livshistorieintervju med fyrste kvinnelege Nordsjøarbeidar.
“Bergensminne” - munnleg historie intervju framfor publikum.
Vi har nå gjennomført ein Memoarkonferanse kvart år sidan 2018. Konferansen har hatt aukande betydning for utviklinga av munnleg historie som fagfelt og kultursjanger i Noreg. Vi i Memoar vil veldig gjerne halde fram samarbeidet mellom UiB, Bergen Byarkiv, Bymuséet, Bergen off. Bibliotek og Memoar, og arrangere ein ny konferanse i 2024.
Vi vil gjerne invitere arrangementskomitéen til eit møte for å avklare om alle blir med vidare, om fleire medarrangørar skal inviterast inn - og om hovudtema for ein eventuell neste års konferanse. Eg vågar meg frampå med å invitere torsdag 29. august kl. 14:00 til oss i Memoar, Lodin Lepps gate 2b, 5. etg, Det er fint om me også kan få tilbakemelding på om same dag kl. 18 kan vere eit alternativ.
Konferansedato: Dersom vi skal halde oss til omlag same tid som dei siste åra, så peikar dagane fredag 1 / laurdag 2 mars seg ut - eventuelt med ein tilleggsdag torsdag 29. februar. I fjor blei laurdagen brukt til "Memoarfestivalen LYTT" - spørsmålet om dette skal vidareførast blir jo også viktig å avklare.
Økonomi: I alle dei åra som har gått, har me klart å finansiere Memoarkonferansen gjennom søknader og deltakarbetaling, slik at det ikkje har kosta arrangørane noko i reine pengar. Biblioteket og Bymuséet har bidratt med gratis møtelokale, og Memoar-aktivistar har bidratt med stor frivillig innsats.
Tema: Dette blir fyrste diskusjon om tematikk for konferansen i 2023. Som konferanseveteran og initiativtakar tillet eg meg å starte diskusjonen med å lansere fylgjande forslag:
Memoarkonferansen 2024: Livshistorier som kulturarv.
Undertema: Mikrohistorie, Kvalitative intervju, Arkivering og bruk av munnlege minnesamlingar, Formilding av livshistorier - munnleg historie og forteljekunst,.
Prosjektpresentasjonar - pågåande eller nyleg avslutta munnleg historie-prosjekt.
Bjørn Enes