Sluttrapport

Den andre Memoarkonferansen vart arrangert i Bergen off. bibliotek fredag 1. og laurdag 2. mars 2019. Me vurderar resultatet som svært vellukka. Me klarte igjen å visa at det finst ei aktiv og kompetent rørsle rundt munnleg historie også i Noreg, og at fagpersonar og frivillige har stort utbyte av å møtast for å utveksla erfaringar og bygga nettverk.

Arrangørar var dei same som i fjor: Memoar (sekretariat), UiB/Kulturvitskap, Bergen Byarkiv og Bergen off. Bibliotek. Metodikken har vore overordna diskusjonar i ein arrangørkomite, kombinert med “fotarbeid” utført av sekretariatet. Med i arrangørkomiteen var:

      • Ada Freng (Memoar)

      • Bjørn Enes (Memoar)

      • Line Førre Grønstad (UiB)

      • Hans Jakob Ågotnes (UiB)

      • Kyrre Kverndokk (fram til januar 2019) UiB

      • Solveig Myren (BoB)

      • Birger Haugdal (Byarkivet)

Sekretariatsrolla har vore utført av Efraim Kanestrøm og Bjørn Enes.

Programmet

Arbeidet med å utvikla programmet starta kort etter førre konferanse, og heldt fram gjennom store delar av 2018. Endeleg program var klart i starten av desember. Det såg slik ut:

Malin Thor Tureby var leia for konferansen frå start til slutt. Ho er biträdande professor (fyrsteamanuensis) i historie ved Linkøpings Universitet. Hennar hovudsaklege forskingsfelt er munnleg historie, kulturhistorie, genushistorie, migrasjonshistorie och jødisk historie. Ho er ein aktiv medarbeidar i forskarnetverket OHIS - Oral history in Sweeden.

Maja Gudim Burheim: Primærkjelder frå Utøya

Maja Gudim Burheim er rådgjevar og vitnekoordinator ved 22. julisenteret - eit læringssenter som skal balansera minne og kunnskap om 22. juli 2011. På førre Memoarkonferanse presenterte ho planane for ei innsamling av munnleg historie om hendingane på Utøya og i Regjeringskvartalet. No er prosjeiktet «Min historie – Personlige fortellinger fra og om 22. juli» godt i gang. Som fyrste innslag på konferansen vil me få døme på slike forteljingar.

Burheim har bakgrunn som journalist og ein master i freds- og konfliktstudier ved UiO.

Knut Kjeldstadli: Eit norsk mnemotek.

Knut Kjeldstadli er historikar og professor emeritus ved Institutt for arkeologi, konservering og historie, UiO. Dei viktigaste kompetanseområda hans er moderne sosial- og kulturhistorie, migrasjonshistorie, historien om kollektive bevegelser og teori / metode i historiefaget. Han har skrive den mest brukte innføringsboka i historiefaget på universitetsnivå, "Fortida er ikke hva den engang var".. Der legg han stor vekt på potensialet i munnleg kjeldemateriale. Han visar mellom anna at munnlege kjelder kan gi informasjon som ikkje finst andre stader, og at arbeid med munnlege kjelder kan utfylla forståinga av anna kjeldemateriale. I januar 2018 reiste han debatten om "ein norsk mnemotek" (Klassekampen, 9. januar 2018) - og det er den artikkelen som har gitt utgangspunktet for Memoarkonferansen 2019.

Bente Gullveig Alver: «Samtaler som kan føre oss til det som ligger dypest i hjertet» - innleiing om tillit, tiltru og etikk i intervjusituasjonen.

Bente Alver er folklorist og professor emeritus ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap ved Universitett i Bergen. Ho har vore sentral i utviklinga av undervisning innan intervju ved Folkeminne/Kulturvitskap på UiB. Ho har også sjølv lang og rik erfaring med intervju og arbeid med munnlege kjelder.

Hennar spesialfelt er elles folkelege trussystem og verdsbilete, ritual og forteljingar, kulturelle perspektiv på helse og livskvalitet og kvalitativ metode og forskingsetikk. 14:30 Kort pause – forfytting til paralellseminar.

Marie Smith-Solbakken og Hans Jørgen Wallin Weihe: Minner om Alexander Kielland-ulykka som eksempel på polyfoni som historisk metode.

Marie Smith-Solbakken er professor i historie ved Universitetet i Stavanger. Ho har arbeidd med Kielland-ulukka (1980) heilt sida den skjedde, og har vore redaktør og medforfattar av i alt to bøker om Kielland-ulukka i stor grad basert på minner samlingar frå overlevande, pårørande, redningsmannskap, partane i arbeidslivet og offentlege institrusjonar. Ho og medforfattarane er no i sluttfasen av arbeidet med å overlevera alt minnematerialet til Norsk Oljemuseum, Nasjonalbiblioteket, Statsarkivet i Stavanger, Arbeiderbevegelsens Arkiv. Dette arbeidet er også bakgrunnen for hennar kapittel bok kapittel «Polyfoni som historisk metode» i boka: "Alexander L. Kielland-ulykken. Hendelsen, etterspillet, hemmelighetene", (Marie Smith-Solbakken (red.). Hertervig Akademisk 2016)

Ola Hemstrøm: Stormen. Den 7. januar 2005 oppsto ekstremstormen Gudrun vest for Irland, og i dagane etterpå herja stormbyger og springflo Storbritania, Nordsjøen, Sør-Norge og Danmark. Om kvelden den 8. januar nådde stormen Småland - med full styrke. Det vart den verste stormen på mange hundreår. Etterpå gjekk Sagomuseet i Ljungby ut med ei opmoding: "Berätta om stormen! Skriv, dikta, måla, fotografera!" Radiojournalisten Ola Hemstrøm dekka stormen den fryktelege natta - og tende på oppmodinga. Resultatet vart boka og intervjusamlinga Stormen.

Hemstrøm er frå før kjend som produsent av radiodokumentarar for svenske P1 og P4, og for å utdanna lokale journalister i lengre forteljarformat. Han er også ansvarleg for serien "Svenska berättelser", der vanlege menneskje kan skriva og fortelja sine historier, og for "Lyssnarnas Sommar", der lyarane kan laga sin eigne "Sommar i P1", ett av Sveriges størst sommarprogram. I det siste har han hatt ansvaret for "Svenska berättelser på scen", der vanlige forteljarar får plass på Dramaten i Stockholm for å fortelja om sine liv for publikum.

I november 2018 førte UNESCO opp Sagobygden på lista over "gode metodiske eksempel på korleis ein kan arbeida med å tryggja immateriell kulturarv,"

Anne Heimo: The rise of oral history in the Nordic countries.

Anne Heimo is professor in folkloristics at University of Turku, Finland. Her areas of expertise are oral history, digital memories, spontaneous archives, non-institutional heritage, digital heritage, participatory memorialisation, participatory historical culture, sites of memory, vernacular authority, family history, memories of migration, 1918 Finnish Civil War and Finnish-Australian heritage. She is founder and chair in the Finnish Oral History Network FOHN and the Nordic representative in the board of the Internationazl Oral History Associationb - IOHA

Dag Hundstad: Visjonar om lokalhistorie og munnleg historie i Noreg

Hundstad er historikar og leiar av Norsk lokalhistorisk institutt (NLI). Han har doktorgrad i historie, har tidlegare vore postdoktor ved Universitet i Agder og har publisert arbeider innan bygdehistorie, byhistorie og regionalhistorie.

Hundstad har vore leiar av Den norske historiske forening gjennom tre år, og har også vore medlem av styret i Norges kulturvernforbund og Kulturvernfaglig utvalg i Norsk kulturråd.

Norsk lokalhistorisk institutt er sidan 2018 ein del av Nasjonalbiblioteket og har som oppgåve å fremja lokal- og regionalhistorisk verksemd i Noreg. Insituttet reedigerar mellom anna Lokalhistoriewiki.no.

Synnøve Solbakk: Om Finnmarkskommisjonen sitt arbeid med innsamling av kunnskap om utmarksbruk frå munnlege kjelder, spesielt i samiske område.

Synnøve Solbakk er seniorrådgjevar i Finnmarkskommisjonens sekretariat.

Efraim Kanestrøm: Frå forteljar til intervjuar

Efraim Kanestrøm er prosjektmedarbeidar i Memoar, har bakgrunn frå Sjøforsvaret og frå maritim industri. Den fyrste praktiske kontakten hans med munnleg historie var at var forteljaren i eit livsløpsintervju under eit forteljarkurs i regi av Memoar. Det gav meirsmak - og etter kvart utvikla han seg til ein aktiv intervjuar. Det er denne utviklinga - frå posisjonen framfor til posisjonen bak kamere - han skal fortelja om på konferansen. Og ikkje minst: Erfaringane frå begge sider.

Anne Marie Kollhus: Korleis erfaringar og opplæring på lensmannskontoret kan koma til nytte i arbeidet med minnesamling i historielaget. Om parallellar mellom avhøyrsteknikk og munnleg historie-intervju.

Anne Marie Kollhus er tidlegare kriminaletterforskar i Oslo og lensmann på Nesbyen. Etter at ho slutta i Politiet, arbeidde ho ei tid som hotelldirektør i Ål i Hallingdal. På fritida er ho aktiv i Nes Historielag.

Siri Linn Brandsøy: Forteljingane til "dei siste" på øyane i vest.

Siri Linn Brandsøy er visuell antropolog, dokumentarfilmskapar og fagleg medarbeidar i Flora historielag sitt memoarprosjekt. For tida arbeider ho med å samla inn munnleg historie frå fire av dei 1000 øyane i Solund kommune i Sogn og Fjordane.

Marianne Nystad: Erfaringar og utfordringar med å samla, dokumentera og bruka munnlege kjelder i Tingvoll Museum.

Marianne Nystad er avdelingsleiar på museet, som mellom anna arbeider med tekstilindustrihistorie på Nordmøre.

Audun Kjus, Line Esborg og Bjørn Enes: Kva er så eit norsk Mnemotek?

Etter krafttaket for munnleg historie i Noreg er det etablert kimer av ein samarbeidsstruktur som kan verkeleggjera Knut Kjelstadli sin visjon. Trengs det eit senter for munnleg historie i Noreg?

Audun Kjus er leiar for Norsk etnologisk gransking, Line Esborg er fagansvarleg for Folkeminnesamlinga Bjørn Enes er leiar av memoar - norsk organiwsasjon for munnleg historie

Ressursbruk

Ressursbruken i reine tal har vore slik:

Kommentarar:

Timar: Etter avslutting av arbeidet med Memoarkonferansen 2018 og fram til og med desember 2018, vart timar brukt til Memoarkonferansen 2019 registrert saman med timane til prosjekt Krafttak for munnleg historie i Noreg. Posten “sekretariat - før konferansen” er anslag. Frå januar 2019 er timer medgått til konferanseførebuingar og -etterarbeid registrert særskilt. Det har ikkje vore rom for utbetaling av løn til noko av dette arbeidet.

Reisekost: Opprinneleg budsjett var at me skulle dekka reisekost for fire forelesarar. Undervegs bestemte me at me ville dekka reise og opphald for i alt 13.

Honorar: Dei auka reisekostnadane var moglege takka vere at alle forelesarane avsto frå honorar.

Marknadsføring: Konferansen blei marknadsført i hovudsak gjennom sosiale media. Samarbspartnarar og deltakarar i 2018 var svært aktive med å dela postar. Men sett i ettertid burde me nok ikkje ha vore så forsiktige med marknadsføringa som me var.

Lokalleige: Bergen off. bibliotek kravde ikkje lokalleige, og 10.000 er difor tatt med både på kostnads- og inntektssida som i budsjettet. 2500,.- i tillegg var leige av lokale i Dankert Krohn Kulturhus til ein middag for forelesarane og arrangørane om kvelden 2. mars.

Finansiering:

Kommentarar:

Deltakarbetaling: I løpet av førebuingane avgjorde me at det enno er for tidleg å setja deltakarbetalinga opp. På sikt vil det vera naudsynt å nærma seg ein meir vanleg marknadspris, men i oppbyggingsfasen er det særleg viktig å sikra at deltakarar som må betala deltakaravgifta sjølve ikkje blir skræmde bort. Ordninær konferanseavgift inkl. to lunsjar og ein middag, var 900,-. Medlemmer av Memoar betalte 600,- og studentar 300,-

Forelesarar betalte 0,- I alt deltok 62 deltakarar.

Hordaland Fylke: I 2018 var midler frå det kulturelle utviklingsprosjektet “Krafttak for munnleg historie i Hordaland” avgjerande for gjennomføringa av konferansen. I 2019 måtte me klara oss utan det - men takka vere løyvinga frå Bergen Kommune og den positive viljen til alle involverte,. klarte me likevel å gjennomføra ei god oppfylgjing.

Ny konferanse i 2020?

På same måte som i 2018 uttrykte deltakarane på 2019-konferansen eit sterkt ynskje om ny konferanse i 2020 under evalueringa til sist.

Leiaren av Lokalhistorisk Institutt, Dag Hundstad, tok opp att tilbode om at NLI og Nasjonalbiblioteket kan ta over arrangementet dersom det er ynksje om det blant arrangørane.

Men med det arbeidet som pågår rundt spørsmålet om å etablera eit senter for munnleg historie i Bergen, er det kanskje meir sannsynleg at det vil vera eit ynskje her om at også ein 2020-konferanse skal vera i Bergen. Me håpar i så fall at Bergen Kommune stiller opp på ny og sikrar at det blir mogleg.

Bergen, 18. mars 2019

For Memoar - Bjørn Enes

ETTER KONFERANSEN


Fylgj diskusjonen om eit Senter for munnleg historie på bloggen Muntlig.blogspot.com

Stort engasjement på konferansen