Neste Memoarokonferanse blir for fyrste gong arrangert utanfor Bergen. Fredag 20 og laurdag 21. mars går konferansen av stapelen i lokala til Deichman Tøyen i Oslo. Det blir også sluttkonferansen i prosjekt Migrasjonsminne (sjå www.migrasjonsminne.no). Hovudtema er demed gitt: Migrasjonsminne.
Migrasjon - utvandring, innvandring og tilbakevandirng - har sett sterkt preg på norsk historie og samtidskultur. Memoarkonferansen 2026 blir eit djupdykk i historier om korleis dette har skjedd og kva for effektar det har hatt. Vi vil gjerne ha kontakt med alle som kan bidra til dette gjennom å halde foredrag, delta i panelsamtale eller framføre eit munnleg forteljing.
Vi planlegger eit program med denne tematiske inndelinga:
Prosjekt Migrasjonsminne som milepel i utviklinga av immaterielt kulturvern i Noreg
Migrasjonsforsking og munnlege kjelder
Kveldsarrangement med kunstnariske innslag
Migrasjon og generasjoner
Minoritetskulturar
Gamlelandet og migrasjonshistoria
Gjennom heile 2025 har Memoar og samarbeidspartnarar samla munnleg historie om migrasjon frå personar og miljø som vanskeleg kjem til orde i det offentlege ordskiftet. Konferansen skal formidle og diskutere funn i materialet, med hovudvekt på "nye" forteljingar, diasporautvikling gjennom opp til seks generasjonar og migrasjonens effekt på familiehistorier og norsk historie gjennom siste 200 år.
(Bildet: Frå markeringa av Utvandringsjubileet i Sunnfjord i sept. 2025)
Norsk ordskifte om migrasjon er tradisjonelt positivt lada når det gjeld utvandring, og negativt lada når det gjeld innvandring. “Den andre sida” har vore underkommunisert, i begge tilfelle. Historier om utvandraren som ikkje vart rik og lukkeleg har vore skambelagt, og historier om innvandraren som ikkje kom frå svolt og krig, ikkje er takksam og ikkje ynskjer å bli assimilert, er provoserande.
I løpet av Utvandrarjubileets minneinnsamling “Migrasjonsminne” har over tre hundre personar blitt djupintervjua om eiga og tidlegare generasjonar migrasjonshistorie. Med ei handfull unntak har alle intervju blitt gjort i Noreg. Kjeldene til utvandringshistoria har vore etterkomarar i slekter med stor utvandring og tilbakevandring, personar med norske røter som sjølve har vandra tilbake, personar som sjølve har vandra ut og tilbake, og turistar på jakt etter sine røter i Noreg. Kjeldene til innvandringshistoria har vore fyrste generasjons innvandrarar, andre generasjon og nokre tilfelle av tredje generasjon, som regel i seriar laga saman med diasporaorganisasjonar eller meir uformelle diasporanettverk.
Funn:
Det har kome fram veldig mange interessante forteljingar som fortener å bli publiserte. I tillegg har materialet synleggjort problemstillingar som bør løftast fram i det offentlege ordskiftet. Memoarkonferansen 2026 blir sluttkonferansen for prosjekt Migrasjonsminne, og vil belyse nokre av desse problemstillingane:
Samanlikning av norsk diaspora i Nord-Amerika og ulike diasporaer i Noreg.
“Skyggehistorier” - om den mislukka utvandraren, og “rik onkel-historier” - om den vellukka innvandraren.
Integrering - og kva er assimilering
Nasjonale minoriteter og migrasjon
Migrasjon og entreprenørskap
Migrasjon og kunst
Migrasjon og språk
Munnleg historie - også på konferansen
Munnleg historie er best eigna til å samle materiale til å belyse “historie nedanfrå” - frå grupper og miljø “på golvet”. Årsaka til at det perspektivet er underrepresentert i skriftlege kjeldesamlingar og i media, er sjølvsagt at få i slike miljø er komfortable med å stå på talerstolar eller sende inn manuskript. Samtidig kan dei vere framifrå når det gjeld å kommunisere munnleg.
Dette vil vi gjerne demonstrere under Memoarkonferansen 2026 gjennom å invitere nokre bidragsytarar til å bli intervjua, heller enn til å halde foredrag. Det vil foregå som en fortetta versjon av det opprinnelege kjeldeintervjuet, der intervjuaren og forteljaren har blitt samde om kva dei skal snakke om.
Ein annan variant er såkalla attforteljing - der ein intervjuar fortel om eit intervju med sine ord. Dette er ein aktuell presentasjonform for intervju som ikkje kan publiserast av omsyn til forteljarens sikkerheit, noko som dessverre er aktuell problemstilling i ein del av innvandringsintervjua.
I det programutkastet vi arbeider med vil avsluttingsdiskusjonen på konferansen også kunne fungere som ein slags oppsummerande diskusjon etter Utvandrarjubileet under tittelen: “Det amerikanske århundret - er det slutt?”
Stikkord for programmet blir: Migrasjon, identitet, diaspora, og bevaring av minoritetshistorie.
(Bildet: Ely Navarro blir intervjua av Julie Dybdal)
Varig verdi
Så godt som alt det innsamla materialet vil bli langtidsarkivert og tilgjengeleggjort av akrivverket. Vi er overtydde om at desse ytringane både har verdi i ordskiftet i dag, og at dei vil ha aukande verdi som historisk kjeldemateriale.
Konferansen vil synleggjere ytringane betre, og slik løfte dei fram. Planen er også at høgdepunkt frå konferansen og frå minnesamlinga skal publiserast i bokform etterpå.
I samarbeid med LokalhistoriWiki skal også heile Migrasjonsminnesamlinga og formidlingsmaterialet som blir laga etterpå tilgjengeleggjerast der,
Tidlegare Memoarkonferansar har alle vore i Bergen. Denne gongen har vi bestemt å arrangere konferansen i Oslo, fyrst og fremst for å styrke synleggjeringa og for å styrke forholdet til LokalhistoriWiki, Kulturvernforbundet og andre nasjonale aktøra.
Memoarkonferansen har sidan fyrste konferanse i 2018 tatt posisjonen som den fremste nordiske samlinga av fagpersonar og frivillige som arbeider med og for munnleg historie som fagfelt og kultursjanger. Historikken om tidlegare konferansar finst på nettsida www.memoarkonferansen.no.
Fem organisasjonar/institusjonar i Bergen samarbeider om konferansen - det er
Memoar - norsk organisasjon for munnleg historie (hovudansvarleg), representert i arr.komiteen av Ada Freng, Bjørn Enes og Sebastian Kaasa
UiB Kulturvitskap, representert av Hans Jakob Ågotnes
Bergen Byarkiv, representert av Birger Haugdal
Bergen off. bibliotek, tidlegqare representert av Solveig Myren (blir erstatta i 2025)
Bymuseet, representert av Kari Skarprud Pettersen.
Den norske historiske forening (HIFO), representert av William Sem Fure
Programmeringa for konferansen i 2026 er ennå ikkje ferdig - vi reknar med å ha programmet klart i løpet av januar. Det som err klart er at konferansen vil bli arrangert i Oslo, på Deichman Tøyen i dagane 20-21. mars 2026.
Ambisjonar:
‘Kvar gong vi har arrangert konferansen, har vi forsåkt å "treffe" høgaktuelle problemstillingar innan immateriell kulturarv og historie nedanfrå. I tillegg til framståande faglege innspel frå både akademisk og frivillig sektor, har konferansen utvikla seg til ein arena for kunstnariske bidrag basert på munnleg historie - fyrst og fremst som forum for forteljekunst.