2020

Invitasjon til

Memoarkonferansen 2020

 

Arrangørane av dei to tidlegare konferansane om minnesamling og munnleg historie har gleda av å invitera til ny konferanse i Bergen  fredag 13. og laurdag 14. mars 2020. Lokalet er ikkje heilt avklart - på grunn av ombyggingar på Bergen Off. Bibliotek kan konferansen bli flytta til Bergen Byarkiv i Kalfarveien 82.

Hovudtema:

Personvern og ytringsfridom

I arbeid med munnleg historie «konkurrerar» fleire etiske regelverk – frå presseetikken, via museums- (ICOM) og arkivetikken til forskingsetikken. Og bakom tonar Lov om personvern og GDPR. Av alle spenningane i dette feltet, vil me i 2020 fokusera for eksempel på desse:

  • Kven eig ei livsforteljing? Og kven eig  rettane til opptak av livsforteljingar?
  • Kven har rett til å bestemma korleis slike opptak kan brukast?
  • Kva er likt og kva er ulikt – etisk sett – mellom skriftleg og munnleg kjeldemateriale?
  • Er det god etikk å transkribera, anonymisera og sletta munnleg kjeldemateriale?
  • Kva er eit informert samtykke i delingskulturens tid?
  • Er det sant at «alle har ei forteljing å dela» - og er slik deling ein del av ytringsfridomen? 

Tema 2:

Munnleg historie i 2020

Alle som arbeider med innsamling, dokumentasjon, arkivering, forsking, formidling og/eller «vidareforedling» av munnleg historie er velkomne til å melda inn presentasjonar.

Vi vil setja saman eit program som viser spennande eksempel på det frivillige og profesjonelle held på med akkurat nå innan munnleg og immateriell kulturarv.

Meld inn forslag til presentasjon snarast råd - og absolutt seinast 20. desember 2019 til post@memoar.no.


Programoppdateringar kjem på denne sida så snart dei er klare. 

Påmelding via TicketCo/følg bildelink:

https://memoar.ticketco.events/no/nb/e/memoarkonferansen_2020


Comments