Opne invitasjonar

Arrangørane ynskjer å gjera Memoarkonferansen til ein regelmessig møtestad der både frivillige og profesjonelle som arbeider med munnleg historie kan møtast for å høyra om og ikkje minst fortelja om arbeid, erfaringar og utfordringar innan feltet munnleg historie og minnekultur.


Me tek imot forslag/tilbod om presentasjonar heilt fram til 15. januar 2019. men merk at arbeidet med programmet pågår heile tida, me gjer avtalar etter kvart som me finn prosjekt eller personar som me er sikre på vil fungera fint i heilskapen på konferansen. Det lønar seg med andre ord å senda forslag tidleg. Send forslag til til prosjektleiaren - Bjørn Enes. - bjorn.enes@memoar.no


Til konferansen i 2019 vil me gjerne ha presentasjonar om:

  • Dag 1: Intervju: Spesielle døme på forteljingar om levd liv. Erfaringar og utfordringar i intervjusituasjonen. Etiske dilemma. Forteljarglede og forteljartrang - og forteljingar som vankeleg let seg samla.
  • Dag 2: "Mnemoteket" - erfaringar og utfordringar i arbeidet med munnleg historie. "Citizen science" - "dugnadsforsking" og anna samarbeid mellom institusjon og frivillige. Erfaringar med intervjustudio i bibliotek eller museum. Minnesamling som profesjon. Nettskya og organisering av samarbeid. Dokumentasjonsmetodar og søkemotorar. Arkiveringsløysingar - "eit munnleg riksarkiv" og lokal arkivering av munnlege kjelder. Erfaringar med formidlingsformer. Etc etc.
  • Opning - avslutting og kveldsarranement: Me vil gjerne ha forslag til korte, engasjerande framføringar av forteljingar eller intervju som kan minna oss om mangfaldet og ikkje minst eigenverdien av fortaljingar om levd liv.

Innmelde/ innhenta forslag og tilbod:


Synnøve Solbakk, sekretariatsleiar/seniorrådgjevar - Finnmarkskommisjonen:
(Arbeidstittel på foredraget): Erfaringar og utfrodringar i arbeidet med å samla munnlege kjelder for å kartleggja bruks- og eigarrettar som folk i Finnmark har vunne på grunnlag av langvarig bruk.  







Anne Marie Kollhus, medlem og minnesamlar i Nes Historielag:
(Arbeidstittel på foredraget): Korelis erfaringar og opplæring på lensmannskontoret kan koma til nytte i arbeidet med minnesamling i historielaget. Om parallellar mellom avhøyrsteknikk og munnleg historie-intervju.

Anne Marie er tidlegare lensmann på Nesbyen. Ho har også ei lang fartstid bak seg frå politiet i Oslo. Ho arbeider nå som hotelldirektør i Ål i Hallingdal. På fritida er ho aktiv i historielaget.


Comments