Memoarkonferansen 2019

Møtepunktet for alle som arbeider med munnleg historie (oral history) i Noreg – profesjonelle frå musé, bibliotek og arkiv, frivillige frå historielag og kulturvern, forskarar, studentar, forfattarar og filmskaparar. Ei samling for å dela erfaringar og finna samarbeidspartnarar.

(Bilete:
Intervjuopptak på Ål Bygdearkiv,
Forteljar: Margit Skrindo, 
Intervjuar: Anne Marie Kollhus,
Nes Historielag - 11/10 2018)

Stad: Bergen offentlege bibliotek, fredag 1. og laurdag 2. mars 2019.

Frist for presentasjonar: 15. januar 2019. (Merk at avtalar blir gjort etter kvart - det lønar seg å vera tidleg!)

Frist for påmelding: 15. februar 2019  (Merk at det berre er plass til 100 deltakarar - det lønar seg å vera tidleg her og!)

Konferanseavgift: Budsjettet blir klart i løpet av oktober 2018 - då blir også konferanseavgifta klar

Fredag 1/3 kl 12 – 18: Om å ta vare på og dela forteljingar om levd liv

Den fyrste dagen skal mestarta med det store spørsmålet - halda oss i intervjusituasjonen. Kva skjer når kjenslene brått og gjerne uventa trenger seg på? Korleis førebur intervjuaren seg? Og forteljaren – kan og bør ho/han førebu seg? Kva er etisk å gjera? Er kjenslene ein del av sanninga som også kan dokumenterast? Kven skal avgjera kva som skal skje med opptaket – og når skal avgjera takast?

Program – fredag 1. mars:

11:00 - Registrering og mingling. Kafé Amalies Hage, Bergen off. Bibliotek.

11:50 - plenum – Auditoriet, Bergen off. Bibliotek

11:50 - Opning av konferansen

Malin Thor Tureby skal leia konferansen frå start til slutt. Ho er biträdande professor (fyrsteamanuensis) i historie ved Linkøpings Universitet. Hennar hovudsaklege forskingsfelt er munnleg historie, kulturhistorie, genushistorie, migrasjonshistorie och jødisk historie. Ho er ein aktiv medarbeidar i forskarnetverket OHIS - Oral history in Sweeden.





12:00 - Maja Gudim Burheim:  Primærkjelder frå Utøya 

Maja Gudim Burheim er rådgjevar og vitnekoordinator ved  22. julisenteret - eit læringssenter som skal balansera minne og kunnskap om 22. juli 2011.  På førre Memoarkonferanse presenterte ho planane for ei innsamling av munnleg historie om hendingane på Utøya og i Regjeringskvartalet. No er prosjeiktet «Min historie – Personlige fortellinger fra og om 22. juli» godt i gang. Som fyrste innslag på konferansen vil me få døme på slike forteljingar. 

Burheim har bakgrunn som journalist og ein master i freds- og konfliktstudier ved UiO. 




12:30 Plenum: Eit norsk mnemotek. Innleiing ved Knut Kjeldstadli 

Knut Kjeldstadli er historikar og professor emeritus ved Institutt for arkeologi, konservering og historie, UiO.  Dei viktigaste kompetanseområda hans er moderne sosial- og kulturhistorie, migrasjonshistorie, historien om kollektive bevegelser og teori / metode i historiefagetHan har skrive den mest brukte innføringsboka i historiefaget på universitetsnivå,  "Fortida er ikke hva den engang var".. Der legg han stor vekt på potensialet i munnleg kjeldemateriale. Han visar mellom anna at munnlege kjelder kan gi informasjon som ikkje finst andre stader, og at arbeid med munnlege kjelder kan utfylla forståinga av anna kjeldemateriale. I januar 2018 reiste han debatten om "ein norsk mnemotek" (Klassekampen, 9. januar 2018) - og det er den artikkelen som har gitt utgangspunktet for Memoarkonferansen 2019.
(Korte kommentarar etter foredfraget, Debatten blir på laurdag kl. 14:00)

13:30 Lunsj 

14:15 Plenum: Bente Gullveig Alver:  «Samtaler som kan føre oss til det som ligger dypest i hjertet» - 

Innleiing om tillit, tiltru og etikk i intervjusituasjonen.

Bente Alver er folklorist og professor emeritus ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap ved Universitett i Bergen. Ho har vore sentral i utviklinga av undervisning innan intervju ved Folkeminne/Kulturvitskap på UiB. Ho har også sjølv lang og rik erfaring med intervju og arbeid med munnlege kjelder.  

Hennar spesialfelt er elles folkelege trussystem og verdsbilete, ritual og forteljingar, kulturelle perspektiv på helse og livskvalitet og kvalitativ metode og forskingsetikk. 14:30 Kort pause – forfytting til paralellseminar.


15:00 Om utfordringar i intervjustiuasjonen og pågåande prosjekt


Efraim Kanestrøm, prosjektmedarbeidar i Memoar, har bakgrunn frå Sjøforsvaret og frå maritim industri. Den fyrste praktiske kontakten hans med munnleg historie var at var forteljaren i eit livsløpsintervju under eit forteljarkurs i regi av Memoar. Det gav meirsmak - og etter kvart utvikla han seg til ein aktiv intervjuar. Det er denne utviklinga - frå posisjonen framfor til posisjonen bak kamere - han skal fortelja om på konferansen. Og ikkje minst: Erfaringane frå begge sider.







Anne Marie Kollhus: Korleis erfaringar og opplæring på lensmannskontoret kan koma til nytte i arbeidet med minnesamling i historielaget. Om parallellar mellom avhøyrsteknikk og munnleg historie-intervju. 
Anne Marie er tidlegare lensmann på Nesbyen. Ho har også ei lang fartstid bak seg frå politiet i Oslo. Ho arbeider nå som hotelldirektør i Ål i Hallingdal. På fritida er ho aktiv i  Nes Historielag:






Siri Linn Brandsøy:  Forteljingane til "dei siste" på øyane i vest. 
Siri Linn er visuell antropolog, dokumentarfilmskapar og fagleg medarbeidar i Flora historielag sitt memoarprosjekt. For tida arbeider ho med å samla inn munnleg historie frå fire av dei 1000 øyane i Solund kommune i Sogn og Fjordane. 






16:30 Pause

17:00 Plenum: Panelsamtale med innlegg frå salen – utfordringar i intervjusituasjonen

17:30 Plenum: Ola Hemstrøm: Stormen. 

Den 7. januar 2005 oppsto ekstremstormen Gudrun vest for Irland, og i dagane etterpå herja stormbyger og springflo Storbritania, Nordsjøen, Sør-Norge og Danmark. Om kvelden den 8.  januar nådde stormen Småland - med full styrke. Det vart den verste stormen på mange hundreår. 

Etterpå gjekk Sagomuseet i Ljungby ut med ei opmoding: "Berätta om stormen! Skriv, dikta, måla, fotografera!"  Radiojournalisten Ola Hemstrøm dekka stormen den fryktelege natta - og tende på oppmodinga. Resultatet vart boka og intervjusamlinga Stormen. 

Dette medverkaa nok til at UNESCO i november førte opp Sagobygden  på lista over "gode metodiske eksempel på korleis ein kan arbeida med å tryggja immateriell kulturarv,"  Hemstrøm arbeider i Sveriges Radio. 

18:00 Pause

19:00 Mingling i "Amalies Hage"

20:00 Lapskaus – og eit kort innslag med endå eit døme på munnleg forteljing som er delt og sikra for framtida. (open invitasjon) 

(minglinga held fram til dei siste går heim)



Laurdag 2. mars kl 9:30 – 15:30: Men kva er så eit Mnemotek?

Dag to skal handla om kva me har og kva me manglar for å utvikla munnleg historie historie i Noreg: Kven tar vare på munnleg kjeldemateriale? Kven tar ansvar for kompetanseutvikling og erfaringsdeling? Kven viser veg for samarbeid mellom forsking og frivillige minnesamlarar?

Kva kan biblioteket bidra med? Museet? Lokalarkivet? Historielaget? Frilansaren?


9:30 Plenum: Ei historie frå "den nye bylgja" av munnleg historie i Noreg

Eit barn ser, forstår - og forsøker å retta det som ikkje er som det skal.  Så går det kanhende gjennom livet med  kjensler av maktesløyse og nederlag, av ikkje å ha klart å ördna tilværet rundt seg. Mange, mange år etter at troll er daude og skrømt er jaga, kan forteljingane koma. Og gamal redsle og maktesløyse vert vekt igjen. 

Me skal få sjå ei forteljing som ikkje skal delast, ikkje før forteljaren er borte, om å veksa opp i ei heilt normal bygd i Noreg. 



10:00 Plenum: Dag Hundstad Visjonar om lokalhistorie og munnleg historie i Noreg

Hundstad er historikar og leiar av Norsk lokalhistorisk institutt (NLI). Han har 
doktorgrad i historie, har tidlegare vore postdoktor ved Universitet i Agder og har publisert arbeider innan bygdehistorie, byhistorie og regionalhistorie. 

Hundstad har vore leiar av Den norske historiske forening gjennom tre år, og har også vore medlem av styret i Norges kulturvernforbund og Kulturvernfaglig utvalg i Norsk kulturråd.  

Norsk lokalhistorisk institutt er sidan 2018 ein del av Nasjonalbiblioteket og har som oppgåve å fremja lokal- og regionalhistorisk verksemd i Noreg. Insituttet reedigerar mellom anna Lokalhistoriewiki.no.




10:45 Anne Heimo: The rise of oral history in the Nordic countries. 

Anne Heimo is professor in folkloristics at Universityu of Turku, Finland. Her areas of expertise are oral history, digital memories, spontaneous archives,  non-institutional heritage, digital heritage, participatory memorialisation, participatory historical culture,  sites of memory,  vernacular authority, family history, memories of migration, 1918 Finnish Civil War and Finnish-Australian heritage. She is founder and chair in the Finnish Oral History Network FOHN and the Nordic representative in the board of the Internationazl Oral History Associationb - IOHA



Pause

11:15 Utfordringar i arbeidet med munnleg historie 


Synnøve Solbakk: 

Om Finnmarkskommisjonen sitt arbeid med innsamling av kunnskap om utmarksbruk frå munnlege kjelder, spesielt i samiske område.  

Synnøve Solbakk er seniorrådgjevar i Finnmarkskommisjonens sekretariat. (sjå meir om arbeidet med å samla munnlege kjelder)






Marianne Nystad: 

Erfaringar og utfordringar med å samla, dokumentera og bruka munnlege kjelder  i Tingvoll Museum. 
Marianne Nystad er avdelingsleiar på museet, som mellom anna arbeider med tekstilindustrihistorie på Nordmøre.




                

13:00 Lunsj

13:30 Eit konkret forslag til eit norsk Mnemotek.

Etter krafttaket for munnleg historie i Noreg er det etablert kimer av ein samarbeidsstruktur som kan verkeleggjera Knut Kjelstadli sin visjon.

Audun Kjus er leiar for Norsk etnologisk gransking,   Line Esborg er fagansvarleg for Folkeminnesamlinga  Bjørn Enes er leiar av emoar - norsk organiwsasjon for munnleg historie


14:00 Panelsamtale / plenumsdiskusjon

14:30 Kort pause

14:45 Årsmøte i Memoar – norsk organisasjon for munnleg historie

15:00 Slutt  


Arrangørar er Memoar, Bergen offentlege Bibliotek, UiB/Kulturvitskap og Bergen Byarkiv - dei same som arrangerte den fyrste Memoarkonferansen i februar 2018.


Påmelding gjennom Ticketco - Deltakaravghift kr- 900,- (Medlemmer av Memoar kr. 600,-)


https://memoar.ticketco.events/no/nb/e/memoarkonferansen_2019


Invitasjon til presentasjonar: Til konferansen i 2019 vil me gjerne ha presentasjonar om:

  • Dag 1: Intervju: Spesielle døme på forteljingar om levd liv. Erfaringar og utfordringar i intervjusituasjonen. Etiske dilemma. Forteljarglede og forteljartrang - og forteljingar som vankeleg let seg samla.
  • Dag 2: "Mnemoteket" - erfaringar og utfordringar i arbeidet med munnleg historie. "Citizen science" - "dugnadsforsking" og anna samarbeid mellom institusjon og frivillige. Erfaringar med intervjustudio i bibliotek eller museum. Minnesamling som profesjon. Nettskya og organisering av samarbeid. Dokumentasjonsmetodar og søkemotorar. Arkiveringsløysingar - "eit munnleg riksarkiv" og lokal arkivering av munnlege kjelder. Erfaringar med formidlingsformer. Etc etc.
  • Opning - avslutting og kveldsarranement: Me vil gjerne ha forslag til korte, engasjerande framføringar av forteljingar eller intervju som kan minna oss om mangfaldet og ikkje minst eigenverdien av fortaljingar om levd liv
Sjå meir på undersida opne invitasjonar