Foredragshaldarane

blir også inviterte til eit avsluttingssamvær om kvelden fredag 8. mars 

Memoarkonferansen 2024

Velkomne til Bergen 7. og 8. mars!

Opptak av Memoarkonferansen 2024: 

Opptak frå fyrste dag av konferansen.  

Opptak fra dag 2 av Memoarkonferansen - 8. mars 2024.

Eit gamalt ordtak fangar idéen bak Memoarkonferansen:  "Den veit best kor skoen trykker, som har han på".    

I bolken "Definisjonsmakt og sjølvhistorisering" skal vi høyre tre foredrag om minoritetar som krever plass for sine versjonar av forteljinga om vår tid. I 

I "Livshistorier er kulturarv" skal vi høyre tre foredrag om samanhengar mellom mikro- og makrohistorie. 

I "Verdien av store minnesamlingar" skal vi høyre fem foredrag om munnlege og skriftlege minnesamlingar som kjelder  til historia nedanfrå - frå dei som har skoen på. 

Til sist to a-propos: Om retten til å bli hugsa - og aller sist ei kunstnarisk attforteljing av livshistoria til den aller fyrste kvinnelege Nordsjøarbeidaren. 

Torsdag 7. mars:


Konferansier: Arve Johs. Nilsen


11:00 - Opning av konferansen  ved Bergens kulturbyråd Reidar Digranes 

  Auditoriet i Biblioteket 


11:15 - Panelsamtale - moderert av Malin Thor Tureby: 

Stillinga for munnleg historie i Skandinavia. 

Deltakarar: Martin Englund, Iben Vyff,  Cathrine Hasselberg.m. fl.  Moderator: Malin Thor Tureby


12:00 - Lunsj og mingling 


12:45 - Definisjonsmakt og sjølvhistorisering:

Moderator: Bjørn Enes 

Vi har dessverre fått sjukdomsforfall frå Inga Marja Steinfjell, dir. på Samisk Arkiv. Programmet er ferfor litt endra i forhold til tidlegare plan:


12:50 -  Ka Man Mak  om Withess Project 

eit samarbeid om løysingsorienterte podcastar om utfordingar for minoritetspersonar i Noreg 


13:20 Britt-Evy Westergård, Oslo Met

(fyrsteamanuensis helsevitskap) - Om livsforteljingsarbeid i helse- og sosialtjenestene.


13:50 - Pause 


14:05 - Hilde Gunn Slottemo Nord Universitet: 

(Professor i historie): Mikrohistorie og munnleg historie  (arbeidstittel)


14:35  Arne Høyland, Nordhordland

(frilans kulturarbeidar og minnesamlar) Forteljinga om korleis livshistorieintervju i Nordhordland viser trekk ved regional historie som ikkje er fanga opp i tradisjonell lokalhistorie.


14:55 - Pause


15:10 - Sebastian Kaasa, Memoar: 

(Historikar MA):  Munnleg dokumentasjon av seks generasjonars migrasjonshistorie - ei forteljing om  kjeldeinnsamling i forkant av Utvandrarjubileet 


15:40: Panelsamtale: Innleiarane og moderator

Definisjonsmakt og sjølvhistorisering - Den store og den vesle historia - 


16:40 Konferanseprogrammet slutt. 


Kveldsprogram kl 19:00

Uformelt samvær med bergensk betasuppe  Nordnes Bydelshus / Klosteret mat og vin


Vert: Arve Johs. Nilsen


Mat må bestilles innen mandag 4/3 kl 10:00. Kostnad kr. 300,- 


Bestilling på Deltager.no

Fredag 8. mars: 


Konferansier: Arve Johs. Nilsen


09:30  Verdien av store minnesamlingar Moderator: Line Grønstad  -


09:35 - Hans Jakob Ågotnes: Om tilgjengeleggjering av folkeminnesamlingane gjennom det norske Samla-prosjektet (samla.no) og andre slike prosjekt i Sverige, Irland, Latvia og på Island, og om ISEBEL   (search.isebel.eu), ein felles søkemotor for (så langt) fem europeiske arkiv over segnmateriale.  

Ågotnes er historikar og professor emeritus, UiB 


10:05 - Iben Vyff  "Stemmer fra værftet - indsamling av erindringer/minder i oral history interviews med tidligere ansatte på de danske skibsværfter, særligt med fokus på Helsingør

Vyff er historikar og formidlingsleiar ved  Museerne Helsingör 


10:35 - pause 


10:50 - Martin Englund - "Fördrivna judars levnadsberãttelser" - I slutet av 1960-talet inleddes i Polen en antisemitisk kampanj som ledde till en fördrivning av landets judar, 3000 kom til Sverige.

Englund er historikar og doktorand ved Södertörns Högskola:  


11:20- Cathrine HasselbergOm Oslove - Oslo by markerar sitt 400-pårsjubileum med å samle og arkivere 400 intervju med dagens innbyggarar i byen.

Hasselberg er prosjketleiar i Memoar.


1:50  - Lunsj og mingling  


12:35 - Tor Dishington Johansen: "Kulturarv og sannhet - et varsku": Johansen har motforstillingar til det han kallar postmodernernismen i rådande kulturarvstenking. 

Han er leiar av Stiftelsen Lenken i Bergen 


13:05  Panel og plenumsdiskusjon: Line Grønstad, Deltakarar Ågotnes, Vyff, Englund, Hasselberg og Johansen. 


14:00 - Martin Skladany : Et á propos om retten til ein digital arv - utdjuping av eit nyleg debattinnlegg om retten til å bli hugsa. Skladany er professor i jus ved Penn State Dickinson Law. Han arbeider sårskilt med opphavsrett, Kunstig intelligens, us og teknologi. Innlegget blir på engelsk.    


14:30 - Opning for større publikum - og  8. mars-markering: 

Anne Elisebeth Skogen,  “Sjukepleiar offshore” - Ei forteljing om den fyrste kvinnelege nordsjøarbeidaren. Skogen er forteljekunstnar frå Sand i Ryfylke 


15:15  Avslutting av konferansen 

ved Anne Marie Kollhus, leiar av Memoar 


15:30 - Årsmøte i Memoar - (Audiotoriet )

16:30 (ca)  - Slutt 

8. mars: "Sjukepleiar offshore"

Siste innslag på konferansen blir forteljekunstnar Anne Elisebeth Skogen si attforteljing av ein serie intervju med den fyrste kvinnelege sjukepleiaren i Nordsjøen. Fredag kl. 14:30  

Kveldsarrangement: 

Det uformelle samværet er ein viktig del av konferansen. Torsdag kveld 7. mars er alle konferansedeltakarane inviterte til eit samvær på Klosteret mat og vin  på Nordnes Bydelshus. Det blir som vanleg ein enkel matrett (bergens betasuppe) og høve til å kjøpe drikke til. 

Gratis:

Det blir gratis å delta på konferansen. Men utgiftene må dekkast - derfor har vi starta innsamling av "frivillig konferanseavgift" på Spleis.no

Det er i tillegg sendt søknader til kommune, fylke, Forskingsrådet, Fritt Ord, Sparebankstiftelsen Vest og andre stiftingar.

Sannings- og forsoningskommisjonen må dessverre utgå. Liv Inger Somby. vart kalla til Sametinget på same tidspunkt. Einar Niemi har meldt sjukdomsfofall. 

Memoarkonferansens idé:

Teori / fagutvikling: 

Munnleg historie (oral history) er eit fagfelt i rivande utvikling - og med lange tradisjonar. Vi vil gjerne ha både høgttenking, kritisk gransking og nye synsmåtar på ideologi og metodikk, etikk og praksis. Skriv eit konsentrat av det innlegget du gjerne vil halde, og send til post@memoarkonferansen.no

"Beste praksis":

Memoarkonferansen er eit forum for erfaringsdeling. Vi vil gjerne ha forteljingar, oppsummeringar eller midtvegsrapportar frå store og små munnleg historie-prosjekt, og både frå "lek og lærd". Små lokalhistoriske minneinnsamlingar  - eller store forskingsprosjekt: Vi vil gjerne ta del i både gode og dårlege lærdomar.   

For publikum:

Formidling av munnleg historie er også ein viktig utviklingsarena. Vi håpar å utvide konferansen med eit laurdagsprogram der vi viser bruk av munnleg kjeldemateriale i utstillingar, litteratur og film bygd på munnlege kjelder og kunstnarisk eller populær-vitskapleg formidling av intervjusamlingar eller livshistorier.   

Torsdag kl 11:15 - Malin Thor Tureby: 

Korleis er stillinga når det gjeld munnleg historie (oral history) som fagfelt og kultursjanger i Skandinavia? Det er tema for panelsamtalen som skal starte heile Memoarkonferansen torsdag 7. mars.  Tureby er historikar og professor ved Malmø Universitet. Ho har vore sentral i oppbygginga av nettverket for munnleg historie i Sverige (OHIS - oral history i Sverige) 

Torsdag kl 12:50 - Ka Man Mak:

Ka Man Mak er fyrste foredragshaldar på Memoarkonferansen 7. og 8. mars. Ho er grunnleggar og leiar av Oslo Desk - ei nettavis om mangrald.  Ho skal snakke om prosjekt Witness Project - ein podcastserie om utfordingar for minoritetspersonar i Noreg. 

Les meir om henne i Utrop:   


Torsdag kl. 13:20 - Britt-Evy Westergård

Har kunnskap og erfaring frå livsforteljingsarbeid med psykisk utviklinghemma og demente relevans for meir "allminneleg" arbeid med munnleg historie? Det er eit av dei interessante problemstillingane som vi kan vente at Westergård vil reflektere rundt i sitt foredrag på Memoarkonferansen 2024, i sekvensen "Definisjonsmakt og sjølvhistorisering"

Ho har bakgrunn som vernepleiar, spesialpedagog, prosjektleiar, atferdsterapeut,  forebyggande- og helsefremjande arbeid, seksualrettleiar, Phd frå universitet I Edinburgh. I dag er ho tilsett ved Oslo Met der ho mellom anna arbeider med undervisning og forsking om livsfortellingarbeid og empowerment. Ho har rik erfaring med medforsking eller inkludering av lekfolk og pasientar i forskning.  Sjå meir hos Oslo Met

Torsdag kl. 14:05 - Hilde Gunn Slottemo:

Livshistorier som kulturarv er eit av tre tema som det skal handle om på Memoarkonferansen.no - og eit av dei spennande foredraga der blir med Hilde Gunn Slottemo. Vi har bede henne snakke om mikrohistorie og munnleg historie - eller sagt å ein annan måte: Samanhengar mellom livshistorier og "den store historia" om landet og verda.... 

Torsdag kl 14:35 - Arne Høyland:

Den munnlege kulturen  i Nordhordland - dette riket som strekker seg frå øyane ute ved storhavet, gjennom fjordlandskapet og heilt opp til høgfjell og vidder - har særtrekk og spor som skriv seg frå tusenårige erfaringsrekker. Lenge før nokon kom på tanken å bygge ein by i dette riket, var levemåtar og språk og grunntrekk i materiell og immateriell kultur lagt. 

Høylander lærarutdanna med tilleggsutdanning i lokalhistorie, etnologi og friluftsliv. Som historikar er han meir som ein autodidakt. Kunnskapane hans skriv seg fyrst og fremst frå at han gjennom heile livet har høyrt etter når folk i dette riket har fortald. Det mønsteret han ser i forteljingane skil seg ganke tydeleg frå den forteljnga som faghistorikarane har samla seg om når det gjeld Nordhorldand.

Hans skal halde sitt foredrag i sekvensen "Lishistorier er kulturarv"  - Sjå bloggen hans.  

Torsdag kl. 15:10 - Sebastian Kvamsdal Kaasa: 

Kaasa er frilans historikar og frivillig i Memoar. Han skreiv si masteroppgåve ved UiB om haldningane til nordisk samarbeid i etterkigstida. (2021). Han er leiar av Memoar sitt lokallag i Bergen. På konferansen skal han snakke om erfaringar frå forarbeidet til ei ny landsomfattande minneinnsamling om migrasjon - www.migrasjonsminne.no - i samband med Utvandrarjubileet i 2025.  


Fredag kl. 09:35 Hans Jakob Ågotnes

Ågotnes er historikar og professor emeritus ved UiB, institutt for arkeologi, histoire, kultur- og religionsvitskap. Han har særleg arbeidd med Fortidsbruk - den aktuelle betydninga av historie, tradisjon, kulturarv, stader som kulturelle storleikar og arbeidslivsforsking. han har vore sentral i arbeidet med å digitalisere dei norske folkeminnesamlingane (Folkeminnesamlinga, Norsk etnologisk gransking og Etno-folkloristisk arkiv). Det er også dette han skal fortelje om på Memoarkonferansen.  

 

Fredag kl. 10:05 - Iben Vyff:

Iben Vyff blir eit spennande nytt bekjentskap på Memoarkonferansen 2024. Ho er formidlingsleiar ved Museerne Helsingør  og blir den fyrste danske forelesaren på Memoarkonferansen. Mellom mykje anna har ho vore leiar for munnleg-historiprosjektet "Stemmer fra Værftet" som museet presenterar slik:

"Fra 2019-2022 er der indsamlet erindringer fra tidligere værftsarbejdere over hele landet. Erindringerne er blevet optaget og indgår i Værftsmuseets samling. Vi har indsamlet både individuelle fortællinger, og samtaler i grupper, f.eks. af tidligere kollegaer.  Projektet har afprøvet forskellige måder, hvorpå erindringerne kan bruges til at fortælle historie, specifikt om Helsingør skibsværft og værftsperioden i byen Helsingør, men disse har vist sig så karakteristiske og enslydende på tværs af Danmarks værfter, at det således også er en indsamling af erindringer om en national industriel periode i Danmark."

Fredag kl. 10:50 - Martin Englund:

I 1968 var det ei antisemittisk oppsving i Polen. Det førte til ein straum av flyktningar. 3000 av dei kom til Sverige. Nå har Martin Englund gjennomført ein intervjuserie med ein god del av dei og etterkomarane deira. Det er bakgrunn for hans innlegg under sekvensen "Verdien av store minnesamlingar" på dag 2 under Memoarkonferansen. Tittelen hans er: "Fördrivna judars levnadsberättelser" - sjå meir på www.memoarkonferansen.no

Fredag kl. 11:20 - Cathrine Hasselberg:

Cathrine Hasselberg jobbar som munnleg historikar hos Memoar. Ho har tidligegare jobba som radiojournalist for både BBC World, NRK og FN, og skriv for tida ei handbok i korleis gjennomføre munnleg historie-prosjekt og -intervju. Cathrine er spesielt engasjert i å løfte fram historiane til dei vi vanlegvis ikkje høyrer frå. I 2023 og 2024 er ho prosjektleiar for Oslove (osloove.no) - eit prosjekt som skal markere Oslo by sitt 400-årsjubileum med å samle inn 400 intervju med Oslofolk.    

Fredag kl. 12:35 - Tor Dishington Johansen:


"Kulturarv og sannhet - et varsku" er tittelen på Johansens foredrag. Det er plassert inn i sekvensen "Verdien av store minnesamlingar" på fredag 8. mars. 


Tor Dishington Johansen (f. 1960) er utdannet journalist og filosof, og er konservator NMF. Han arbeider som daglig leder av Stiftelsen Lenken. Stiftelsen er opptatt av å sikre menneskeverdet og demokratiske verdier, og arbeider spesielt for å bygge aktive medborgerskap blant unge. Institusjonen forvalter i dag det unike Gestapomuseet og den fredede Espeland fangeleir, begge lokalisert i Bergen kommune og knyttet til den brutale nazistiske fangebehandlingen under andre verdenskrig.

Fredag kl. 14:00 - Martin Skladany:

Martin Skladany professor i jus ved PennState University. Han arbeider med opphavsrett, kunstig intelligens, jus,  teknologi og internasjonal utvikling. han er også tilknytta Penn State University sitt Center for Socially Responsible Artificial Intelligence og Institute for Computational and Data Sciences. 

Han er forfattaren av "Copyright’s Arc" (Cambridge University Press, 2020) og "Big Copyright Versus the People: How Major Content Providers are Destroying Creativity and How to Stop Them" (Cambridge University Press, 2018).  I 2013 var han ein av juristane i teamet som representerte  Association of American Publishers i rettsaka om opphavsrett i den såkalla Google Books copyright suit. - sjå https://en.wikipedia.org/wiki/Authors_Guild,_Inc._v._Google,_Inc.

På konferansen skal han snakke om retten til å bli hugsa. Foredraget vil bli halde på engelsk. 

Fredag kl. 14:30 - Anne Elisebeth Skogen:

Skogen er forteljekunstnar frå Sand i Ryfylke. Ho kallar verksemd si for "Forteljarkokeriet". På nettsida skriv ho mellom anna:   

"Fleire menneske, både eldre og yngre, nordmenn og innvandrarar har gitt meg sine historier - dei har fortalt frå sine liv. I Forteljarkokeriet er nokon av desse blitt til lengre forteljarførestillingar." 

Ein av desse forteljingane handlar altså om den fyrste kvinnelege Nordsjøarbeidaren, og det er den ho skal framføre på Memoarkonferansen.